For fullstendig prisliste og tinging, kontakt oss: post@halsnoykulturhus.no

Halsnøy kulturhus blir drive på dugnadsbasis og har ikkje faste tilsette. Dermed er ein avhengig av at alle brukarar av huset klargjer, passar på varme, riggar til og ryddar og ikkje minst vaskar etter seg. Vaskeutstyr er tilgjengeleg i alle etasjar. Dersom ein sjølv ikkje vil vaske så kan huset hjelpe til med å skaffe folk til det. Pris: 400,- pr time.